Helgeopen idrettshall i Valle
Fredagar frå klokka 15-20 og laurdag og sundag frå klokka 08-20 er det helgeope i idrettshallen i Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.06.2025 09:13
Sist endra 06.06.2025 09:13

Valle kommune har innført det ein må kalle meirope idrettshall med ope både fredagar og laurdag/sundag.
Alle må rydde etter seg
Så er heile ordninga avhengig av at folk rydder etter seg slik at alt er i orden når måndagsmorgonane kjem. Eitt av utstyrslagra er ope når det er ubemanna idrettshall, og dessutan to garderobar/toalett. Born under 12 år skal vere i fylgje med ein vaksen.