Helikopter driv målingar over Valle
No om dagen driv Norges geologiske undersøkelse (NGU) målingar i lufta over Valle med helikopter. Det er geologi og restar etter Tsjernobyl-ulykka som skal kartleggjast.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.07.2024 12:36
Sist endra 22.07.2024 12:36
Målingane tok til laurdag 20. juli, og noko avhengig av veret skal dei halde på i kring fem dagar. I undersøkingane nyttar NGU ei magnetisk målesopnde som er montert på helikopteret. I tillegg til kartleggjinga blir det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken.
Retning nord-sør
To pilotar og ein operatør frå verksemda Pegasus Helicopter/Airlift er no i gang. Dei flyr i retning nord-sør 50-80 meter over bakken i kring 90 km/t. All data som blir samla inn blir etter kvart tilgjengeleg for alle i NGU sin kartdatabase.