Oxford Reasearch har undersøkt konsekvensar av hyttebyggjing i Valle kommune på oppdrag frå kommunestyret. I dag blir rapporten lagt fram.
Ole Birger Lien
Det var kommunestyret i Valle som vedtok at det skulle gjennomførast ei undersøking og utarbeidast ei analyse av konsekvensane av hyttebyggjing i Valle kommune. Medverknad frå bygdefolket har vore eit viktig poeng - både i form av deltaking i spørjeundersøkinga men også via ulike intervju Oxford Research har gjennomført.
– Her har vore og er godt engasjement blant innbyggjarane, noko også den gode svarprosenten i spørjeundersøkinga viser. Det har også vore viktig at bygdefolket har fått kome med sine synspunkt. Eg ser fram til å sette meg inn i rapporten, dette blir eit nyttig kunnskapsgrunnlag i arbeidet vidare, seier ordførar i Valle kommune, Lars Tarald Myrum.
Faktabasert
Både Myrum og fleire andre har peika på at ein når utvikling og framtid skal drøftast må basere strategiar og tiltak på fakta.
– Det faktagrunnlaget blir no styrka vesentleg. Eg håpar at rapporten kan gje oss ein del meir håndfaste fakta knytt til fritidsbustader og fritidsinnbyggjarar, seier ordføraren.
HER ER LENKE TIL RAPPORTEN FRÅ OXFORD RESEARCH (PDF, 789 kB)