Historisk kommunestyremøte i Valle er i gang!

Kommunestyret i Valle samlar seg onsdag kveld, og for første gong i historien skal heile møtet streamast både med lyd og levande bilete.

Ørnulf Hasla i Valle radio med kake for å markere videostreaming i Valle kommunestyre. - Klikk for stort bileteØrnulf Hasla i Valle radio med kake for å markere videostreaming i Valle kommunestyre. Ole Birger Lien

Det er, sjølvsagt, Valle radio som tar seg av alt det tekniske, og gjennomføringa av streaminga. I lange tider har dei stått på med rigging og kopling i kommunestyresalen slik at det er kamera på plass som får med seg både dei folkevalde, salen elles og ikkje minst talarstolen.  

Markerte med marsipankake

Så spesiell er dagen, at Valle radio baud på marsipankake for å markere omlegginga til videooverføring.  Valle radio har overført kommunestyremøta med lyd heilt sidan 1998. År ut og år inn, alt på dugnad og basert på ivrige teknikarar og medarbeidarar som etter kvart har bygt opp ein solid kompetanse.

– I våre dagar må ein verne om demokratiet. Mykje skjer i verda, me må ta vårt ansvar. No skal me opp endå eit nivå i Valle radio. Me skal vere med på å gje politikk og demokrati endå betre levekår i kommunen. Videostreaming vil gje alle som fylgjer med mykje betre informasjon. Streamen kan ein sjå der og då, eller i ettertid av møta, sa Ørnulf Hasla i Valle radio.

– Me har tre kamera. Eitt for salen, eit for talarstolen og eitt opp mot podiet der ordførar og varaordførar sit. I tillegg deler me skjerm der det er presentasjonar under møtet, så ein ser like godt heime som i salen, sa teknikar i Valle radio, Jørund Georg Jore.

Streamen er klar!

Onsdag 28. februar er altså historisk - og den som sit heime eller på hytta og les dette frå klokka 18, kan altså likevel både høyre og sjå møtet utetter kvelden via DENNE lenka.

Ørnulf Hasla (t.v.) og Jørund Georg Jore i Valle radio med god kontroll like før møtet tok til. - Klikk for stort bileteØrnulf Hasla (t.v.) og Jørund Georg Jore i Valle radio med god kontroll like før møtet tok til. Ole Birger Lien Kommunestyrerepresentantar i Valle som må handtere videooverføring av møtet onsdag 28. februar. - Klikk for stort bileteKommunestyrerepresentantar i Valle som må handtere videooverføring av møtet onsdag 28. februar. Ole Birger Lien