Høgtideleg opning av nyasfaltert gang- og sykkelveg i Valle onsdag 13. november

Statens vegvesen sluttførte nyleg arbeidet med ny sykkelveg mellom Honnevje og Einang bru i Valle. Prosjektet er finansiert med restar av midlar og masse frå anna vegarbeid i Setesdal. No er vegen også ferdig asfaltert, og onsdag 13. november klokka 13 er det klart for opning.

Sigurd Wiberg i Statens vegvesen ved den nye gang- og sykkelvegen mellom Honnevje og Einang bru i Valle. No har traseen fått asfalt på seg, og det er klart for høgtideleg opning onsdag 13. november klokka 13. - Klikk for stort bileteSigurd Wiberg i Statens vegvesen ved den nye gang- og sykkelvegen mellom Honnevje og Einang bru i Valle. No har traseen fått asfalt på seg, og det er klart for høgtideleg opning onsdag 13. november klokka 13. Ole Birger Lien

Med snorkutting, ordførar, entreprenør og andre involverte til stades, blir det festsamling for den 1700 meter lange nyasfalterte gang- og sykkelvegen mellom Honnevje og Einang bru. Sjølve vegen kom som eit bonusprosjekt der masse frå annan vegbyggjing vart nytta. Så har no altså asfalten kome på plass, og onsdag skal det feirast!

– Det blir kake og stor stas, så no håpar me at mange møter opp, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Sigurd Wiberg.