Honorarfond til folkemusikk - eit tilbod mange kan nytte

Honorarfond for folkemusikk er ei ordning både lag og foreiningar, verksemder og enkeltpersonar kan gjere seg nytte av.

Formålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal endå meir kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant utøvarane, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke deler av honoraret når folkemusikarar med lokal tilknytning blir nytta til arrangement i Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes. Viss ein nyttar unge utøvarar kan ein få dekka heile honoraret. Det er Valle sparebank og kommunane Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes som finansierer fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerer det.

Fem gonger i året

Alle arrangørar, både lag, foreiningar, verksemder eller privatpersonar, som har tilskipingar i dei aktuelle kommunane, kan søke om tilskot. Ein arrangør kan søke om maksimalt fem tilskot i året. Fondet dekker ikkje utgifter når offentlege institusjonar er arrangør.  Fondet kan støtte alt frå kulturinnslag ved konferansar til bedriftssamlingar, jubileum, opningsfestar eller markering av “runde dagar” og andre private tilstelningar.

HER finn du meir om ordninga

HER er lenke til søknadsskjemaet