
Den som vil betale kommunale avgifter kvartalsvis som før, treng ikkje gjere noko. Den som vil betale ein gong i månaden eller ein gong i året frå januar 2025, må inn på heimesida, finne tekniske tenester og MinEigedom. Der kan ein ein velje "fakturahyppigheit”. På MinEigedom finn ein også informasjon om eigedomsgebyr, vassmålarstatus, branforebyggjing og mykje meir knytta til eigedomen.
– Den som ynskjer faktura kvar månad og vil ha dette i gang alt frå januar av, må inn og endre i god tid før jol, men elles kan ein inn og endre når som helst i løpet av året, seier Gudrun Sagneskar i Valle kommune.