
Møtet er del av utarbeidinga av samfunnsdelen i kommuneplanen. Friviljuge lag og foreiningar er ein viktig del av grunnmuren i eit lokalsamfunn, og spelar ei viktig rolle med tanke på alt frå folkehelse til bulyst og beredskap. Aktivitetane i laga skaper trivsel og tryggleik, og ikkje minst fellesskap.
– Nettopp eit sterkare fellesengasjement er viktig i høve det som kjem av utfordringar i samfunnet i framtida, difor er det sers viktig at dei som driv dugnadsarbeid, skaper liv i lag og organisasjonar, medvirkar i prosessen med kommuneplanen, seier prosjektleiar Kay Arne Søgaard.
Todelt samankomst
Møtet den 28. oktober blir delt i to. I første bolken blir det ein presentasjon av kva kommuneplanen er, kva arbeid som er gjort, og vegen vidare. I del to blir det ein workshop og ikkje minst drøftingar.