Rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, minner om næringslunsj på Sølvgarden hotell fredag 6. desember.
Ole Birger Lien
Frå klokka 11.30 til 12.30 er det lunsj, så tar det faglege programmet til klokka 12.30.
– Då blir det både orienteringar og dialog mellom dei ulike aktørane, seier rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.
Frå rekruttering til budsjettet
Av tema kan ein nemnde felles rekrutteringsprosjekt i Bykle og Valle, der Frode Verpe skal gje ein status, ein skal gå gjennom det vedtekne budsjettet for 2025 med spesiell fokus på relevante område for næringslivet, og behovet for næringsareal- og lokalar i kommunen blir eige tema.