
Der skal ei heil rekke ulike aktørar informere hyttevela om alt som går føre seg i Valle kommune, naturleg nok med ekstra fokus på det som handlar om hyttelivet i kommunen. Frå kommunen kjem ordførar Lars Tarald Myrum, kommunedirektør Vidar H. Homme, leiar teknisk Magnus Berg og leiar kultur Torunn Charlotte Nyberg. I tillegg møter representantar frå politiet, den kommunale helsetenesta og Raudekrossen i Vennesla og Norsk Folkehjelp Setesdal. Også Brokke AS, Bjørnevatn løypelag og kyrkja i Valle er med.
Planarbeid, kultur og kommunikasjon
Av tema under påskemøtet blir tilbodet innan kultur og fritid, kommunikasjonsarbeidet i kommunen, nytt om kommunedelplanar og tiltak, beredskap, helsetenesta og innmeldte tema og saker. I tillegg blir det sjølvsagt opna for spørsmål og innspel frå salen. Frivillig beredskap, lokalbanken i lokalsamfunnet og andre tema kjem også opp.
– For Valle kommune er god dialog med hyttefolket sers viktig. Oppmøtet på desse årvisse påskemøta viser vel også at hyttefolket har same oppfatning. Der er eit godt høve både til å orientere men også drøfte litt meir uformelt problemstillingar, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.
Det blir enkel servering i Sæbyggjen. Den som ynskjer å sende inn spørsmål eller forslag til tema på førehand kan gjere det til leiar kultur på epost torunn.charlotte.nyberg@valle.kommune.no
