Hugs seniormesse i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar

Med alt frå velferdsteknologi og kommunale tilbod, humorforedrag og suppe og eplekake er seniorar og ikkje minst pårørande frå heile dalen velkomne til seniormesse i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar.

Leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, håpar mange kjem til seniormesse i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar. Messa tar til klokka 13. - Klikk for stort bileteLeiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, håpar mange kjem til seniormesse i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar. Messa tar til klokka 13. Ole Birger Lien

Ordførar Lars Tarald Myrum og kommunedirektør Vidar H. Homme opnar messa klokka 13 før det går slag i slag med ulike problemstillingar som er svært relevante. Velferdsteknologi, høyrsel, hjelpemiddel, NAV, brann og demens, lista over tema er lang.

– Kommunelege og kommuneoverlege er med, og Valle sparebank kjem. Kosthald og kvardagsrehabilitering blir også viktige tema, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.

Skjemt om alvor

Humorist Freddy Kjensmo skal halde foredrag om sine opplevingar med ein aldrande og etter kvart dement far. I “Må lære meg å melke kuer” i soknehuset klokka 19.30 deler han av sine erfaringar om eit alvorleg tema, men med glimt i auga. Inngong her er 100 kr.

– Skulle nokon vere i beit for skyss tysdag så kan dei ta kontakt med meg på 91247155, så ordner me det. No håpar eg folk frå heile dalen kjem til soknehuset, seier Kyrvestad.

Der blir det også suppe og eplekake å få kjøpt, så ingen må gå svoltne frå arrangementet!