
Den såkalla tiltaksplanen for villrein er ute på høyring, og før Valle kommune skriv sitt høyringssvar ynskjer ein altså å få bygdefolket i tale. Ikkje minst er dette aktuelt fordi det har kome signal frå sentralt hald om at ein er ute etter innspel og forslag som kan styrke innsatsen for å bevare villreinstamma. Kommunen har også tidlegare skipa til møte om same temaet, då med fullsett sal og høgt engasjement.
Orientering frå ordførar
I innleiinga til møtet helsar Valle-ordførar Lars Tarald Myrum velkomen, før han greier ut om kommunens utgangspunkt og ståstad i saka. Frå Statsforvaltaren kjem Gunnar O. Lindaas, og Christi Erichsen Hurlen frå advokatfirmaet Lund&Co er med. I slutten av møtet blir det ein eigen bolk for spørsmål og ikkje minst innspel frå salen. Det blir servert kaffi og noko å bite i under møtet.
Lenka til streaminga av møtet blir lagt ut på heimesida til Valle radio HER