Hundrevis av brukarar fylgjer Valle kommune på nyheitsapp!

Valle kommune har teke i bruk appen Civis, som sender nyheitsvarsling til mobilen kvar gong kommunen legg ut ei sak på heimesida. Til no har over 600 brukarar lasta appen ned.

Valle kommune har teke i bruk appen Civis for nyheitsvarsling til mobiltelefonen. - Klikk for stort bileteValle kommune har teke i bruk appen Civis for nyheitsvarsling til mobiltelefonen.

Civis er gratis å laste ned og bruke, og stadig fleire kommunar rundt om i landet nyttar løysinga. Civis sender ei varsling og eit pling til mobilen til brukarane kvar gong det blir lagt ut ei nyheitsmelding. I varslinga ser ein eit bilete og ein ingress. Er saka av interesse, er det bare eit tastetrykk vidare til saka på heimesida. Er saka uinteressant, lar ein heilt enkelt vere å trykke seg inn.

Sjølvbetjening

I tillegg til nyheitsvarslinga ligg det i Civis ein eigen sjølvbetjeningsbolk der Valle kommune har lagt inn alt frå aktuelle politiske vedtak til viktige telefonnummer. Denne delen av appen er under stadig utvikling.

HER er lenke til nedlasting av Civis via heimesida til Valle kommune. Hugs på at ein må krysse av at det er Valle kommune ein vil fylgje!