Hylestad barnehage på tur til Sylvartun!

Det vart ein innhaldsrik og fin dag då 15 born i alderen 3-5 år frå Hylestad barnehage var på “utflukt” i heimbygda si!

Heile flokken samla! - Klikk for stort bileteHeile flokken samla! Alle foto: Hylestad barnehage

Det var den flotte avdelinga Systog som let barnehage vere barnehage og i staden fekk seg ein luftetur til Sylvartun. Både som “oppdagelsesferd” og aktivitet vart det friske timar med mykje moro. Bygningane på Sylvartun er spennande i seg sjølv, og området elles er ei “perle” for ivrige utforskarar!

Sau og buldrande Otra

Bileta i dette oppslaget viser vel til fulle at her var ivrige krabatar som fekk med seg både levande dyr og ikkje minst fossande krefter i Otravassdraget!