
Opningshelga brakar laus med unge i fokus frå i ettermiddag av. Den nye ungdomsklubben skal opne, det blir poolparty, mat, visning av utsmykning og ikkje minst open klubb. Heile kvelden skal ungdomen få tumle i det nye kultursenteret, og feire opninga med musikk og aktivitetar.
Ordføraren klypper snora
I morgon laurdag er det offisiell opning klokka 11-13. Ordførar Lars Tarald Myrum klypper snora, og det kjem helsingar frå andre aktørar. Utsmykninga skal presenterast, og frå klokka 13 går det slag i slag med konsertar i regi av aktørar som kulturskulen, Folkeakademiet Valle og Setesdal Spelemannslag. Så skal ein heller ikkje gløyme at det er laurdagskvelden frå klokka 18-20 at Valle sparebank byr inn til jubileumsfest i Vallehalli. Der er det eiga påmelding via banken - men om nokon skulle gløyme å melde seg på bør ein likevel prøve seg i døra og satse på at ein slepp inn.
Musikalsk fest
Laurdagen blir også ein musikalsk fest av dimensjonar! Konsertane denne dagen, som i si form også blir sjangerfrie- eller overskridande, byr på eit djupdykk i den paletten musikken i kommunen kan by på. Her er altså kulturskulen i sving, ikkje minst får tilsette i kulturskulen boltre seg som dei utøvande kunstnarane dei er, her får ein organist og ein sopran utanom det vanlege slå seg laus - og her får Setesdal Spelemannslag slå til med utøvarar og kultur som høyrer til i det øvste sjiktet nasjonalt!
Spennande sundag
Sundag ventar alt frå JR-klubb til Ninjacamp og lokking og dans. Sundagen inneheld mellom anna juniorklubb (5.- 7. klasse) frå klokka 11.00-12.30, aktivitetar i klubben og ikkje minst Ninjanacamp i Vallehalli med bunadskast, ninjaspark, leikarring, ansiktsmåling og smaking av Ninjakraft 12.00-13.30 i Vallehalli. Valle leikarring er klar med lokking & dans klokka 13.30-14.00. Så er Valle-jenta Ninjana sterkt til stades både som teater og film! Sigrid og Daniel lokkar store og små inn til Storstoga, der Valle leikarring tar imot med song og dans. Så er det klart for framsyning av “Ninjana og det store skredet" og filmen ”Ninjana og hyttetyvene" frå 14.00-15.00.Ei helg av dei verkeleg sjeldne i vente i Valle altså! Kikk grundig gjennom plakata i denne saka - vel deg ut favorittane, og ver klar til mykje moro!
Utan mat og drikke…
Ingen som deltek på opningsfesten skal måtte gå svolten heim! Laurdag diskar bygdekvinnelaga både i Valle og Hylestad opp med heimelaga lapskaus og saft, i tillegg til kaker og kaffi. Sundag byr dei på nysteikte lappar og saft. Alt spandert av Valle kommune som del av folkefesten!
Oppmerkte parkeringsplassar
Så er det lurt å tenke litt når ein parkerer. Det er venta mykje folk, difor må alle nytte dei oppmerkte plassane utanfor kultursenteret. Ein kan også parkere ved Spelestoga og barnehagen, SFO og på grusplassen bak kultursenteret mot fotballbanen.
Les meir om “buffeten” av opplevingar du kan velje i!
Les meir om den musikalske festen opningshelga byr på!
Les meir om Valle sparebank sin jubileumsfest!
Les meir om ein sundag for heile familien!