I gang med å totalrenovere tannlegekontoret i Valle

Tannlegekontoret i Valle skal totalrenoverast. No er prosjektet til 4,4 mill. kr. i gang. Tannlegen kjem på plass og kan starte boringa i løpet av april.

Tomaz Karolczak i HSH (t.v.) og Helge Olsen i Uppstad VVS i full sving i det som skal bli nytt tannlegekontor i Valle. - Klikk for stort bileteTomaz Karolczak i HSH (t.v.) og Helge Olsen i Uppstad VVS i full sving i det som skal bli nytt tannlegekontor i Valle. Ole Birger Lien

Det er ei fullstendig totalrenovering det er snakk om. Alt frå veggar og tak til ventilasjon og ikkje minst alt av tannlegeutstyr skal bli nytt. Verksemda HSH er entreprenør, men også fleire lokale verksemder er med i arbeidet. Kontoret skal som i dag ha ein behandlingsplass. 

– Så skal tannlegetenesta inn med ein del utstyr som må monterast og kome på plass etter at alle bygnings- og interiørmessige utbetringar er gjort, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.