I gang med turistinformasjon på Bergtun hotell
Bjørn Erling Auestad i Bykle hotell har teke på seg turistinformasjon i Valle i sommar med base på Bergtun hotell. Der er han og sonen Kim Sigbjørn i full gang.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.07.2025 10:11
Sist endra 08.07.2025 10:18

I juli, og fram til 15. august, er det ope dagleg mellom klokka 10-20, medan det er ope frå 11-18 siste halvdelen av august. På Bergtun hotell kan både fastbuande men sjølvsagt først og fremst tilreisande få svar på det meste som handlar om bygdene i kommunen sommarstid.
Trådlaust nett
I turistinformasjonen skal det delast ut brosjyrer og anna informasjonsmateriell, og det er trådlaust nett endåtil med ein utlåns-pc. Også Valle kommune sitt sommarmagasin iValle ligg klart til utdeling.
– Så svarar me på spørsmål, ordnar med transport, gjev turtips og informerer om tilbodet i Valle kommune sommaren gjennom. Det er jo mange arrangement og mykje flott, så det blir bare moro å fortelje om. No håpar me på ein hektisk sommar med strålande ver og mykje folk innom, smiler Bjørn Erling Bakken Auestad.