I gang med vegarbeid i Eidsborgkleivane

Vegen frå Dalen og opp Eidsborgkleiva skal forsterkast og rassikrast i sommar. Det betyr at vegen kjem til å vere open bare til visse tidspunkt. No er arbeidet i gang.

Vegarbeidet i Eidsborgkleiva er i gang. - Klikk for stort bileteVegarbeidet i Eidsborgkleiva er i gang.

Det er meininga at opprustinga skal vere fullført innan 1. november.  Villasvingen skal forsterkast og Eidsborgberget rassikrast. Det kjem til å bli utbetringar fleire stader langs vegen. 

Stengt det meste av dagen

Vanleg opningstid på vegen i vekedagane blir frå klokka 20.00 om kvelden til 08.30 om morgonen. I tillegg blir det ope for ferdsle kvar ettermiddag frå 14.30 -16.00 måndag til torsdag. Frå torsdag ettermiddag er vegen open til måndag morgon klokka 08.30. Køyretøy med lengde over 13,5 meter kan ikkje passere når det er arbeid langs vegen. Det er omkøyring via Åmot i Vinje.

Ope i fellesferien

Vegen blir open i vekene 28-31, altså frå fredag 5. juli klokka 14.30 til måndag 5. august klokka 08.30. I tillegg skal vegen vere open fredag under Dalsmarken og Dyrskufredagen.