I kveld klokka 22 blir hovudvassleidningen i Valle vassverk stengt for vedlikehald

Det skal utførast vedlikehald på hovudvassleidninga i Valle vassverk, og i kveld måndag 16. juni klokka 22 blir leidningen stengt for å få arbeidet gjennomført.

– Det er snakk om stengt kran frå klokka 22 og til utpå natta når arbeidet er fullført, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.

Det er uklart kor mange kundar som blir råka - målet er naturleg nok at så få som råd skal merke noko.

– Skulle ein få brunt vatn i krana etter at me har slege på vatnet att, er det viktig å la det renne lenge nok slik at vatnet som kjem er reint. Helst skal ein bruke utekrana til slik utspyling, seier Solheim.