Triakel kjem til Setesdal Folkemusikkfestival.
Grete Faremo "slik ein utflytta Sæbyggje ser det" er klar for folkemusikkfestivalen på Rysstad.
Sebastian Ludvigsen
Med Setesdal Spelemannslag som vertskap, Unesco-kommunane som medarrangørar, Agder fylkeskommune i ryggen og dessutan ei heil rekke lokale sponsorar, er det sydd saman eit festprogram som kan ta pusten frå kvar og ein! Tre dagar til ende, med bare såvidt nok tid til å roe pulsen mellom innslaga - dette blir stort!
Seminar og kursing
Stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland står for den høgtidelege opninga av festivalen. Tradisjonen tru blir det kursing fredagen. Det er ikkje nødvendig med erfaring, så den som måtte ha ein dansar eller spelemann i seg - eller berre har lyst til å prøve dette ut «for gama» - bør nytte sjansen! Med instruktørar heilt i den nasjonale toppen innan sine felt ligg alt til rette for både læring og moro!
Til Rysstad kjem Paul Otto Brunstad med seminaret «Røter og føter – om visdom og ord med feste i jord». Grete Faremo har innlegget «Slik ein utflytta Sæbyggje ser det», Annbjørg Lien kjem med foredraget «Setesdalsfolk – UNESCO Setesdal, og Marit Stranden tar for seg «Levande tradisjonar som sosial berekraft».
Fredag kveld blir det konsert med trioen Triakel i soknehuset. Repertoaret består av viser og folkemusikk, og spenner over alt frå gamle revynummer til skillingsviser og salmar. Funfact: Triakel er den svenske nemninga på ein tradisjonell karamell laga av einebær, fløyte og brunsukker, og som i Hallingdal og Valdres blir kalla for treak eller brisketreak. Bandnamnet spelar på trio, at musikken er like mørk som triakel (treak) og at Emma er søt.
Minnekonserten same kvelden blir ei stor hending. Gunnar Stubseid, Bjørgulv Straume, Sigmund Skomedal og Halvdan Furholt skal alle heidrast på det viset som høver best – med folkemusikken! Det er også fredagskvelden at Sparebank Sør sitt folkemusikkstipend skal delast ut.
Inger Lise Stulien er klar med barnekonsert på Setesdalsmuseet saman med sonen Endre og Maja Lindaas.Kappleik med og utan sjokolade
Tradisjonen tru startar laurdagen med at Coop Prix og Hylestad bygdekvinnelag byd inn til bygdefrukost, og der vil nok Valle leikarring sjarmere alle frukostgjestar i senk. For dei yngste er det eige program vidare utover dagen, mellom anna “Ladekappleik”, der alle som er med får sjokolade i premie. Litt seinare på dagen er det barnekonsert med Maja Lindaas og Endre og Inger Lise Stulien Robstad på Setesdalsmuseet.
Laurdagen er altså den store kappleiksdagen. Frå nord og sør, aust og vest, har dei skarpaste utøvarane innan dans og spel funne vegen til hjarta av Unesco-dalen - no skal det kjempast om heider og ære! I storsalen i Hylestad soknehus går det tett i tett med innslag, domarane sit pal, her skal kvar tone, kvart kast med kroppen, analyserast. Frå Setesdal er det fleire utøvarar som er venta å gjere det skarpt – og med skyhøgt nivå og utøvarar frå ulike delar av landet kjem nok spenninga til å stå i taket utover dagen!
Tid for å svinge seg!
På laurdagskvelden slår det gnister i soknehusområdet! Då er det tid for den store og tradisjonsrike dansen der meisterspelemenn slår an rytmen og stemninga buldrar oppunder takkvelvinga. For dei som har fått med seg gangarkurs fredag er det nok ekstra moro å vise “kunstene” sine denne kvelden! Til langt ut i dei små timane får folkemusikkmiljøet samle seg om spel, moro og fellesskap bygt på kultur og tradisjon.
Folkemusikkvandring
Sundagen blir det konsert i Austad kyrkje på Tveit. Der skal Anne Karin Kaasa, bygdekoret Kong Hanes eftf., barn frå Bygland med fleire opptre. Etter konserten blir det samling på historisk grunn ved Austad gamle kyrkjegard, der det blir historieforteljing ved Vilborg Stubseid Hovet og musikkinnslag ved Daniel Sandén-Warg, Sigrid K. Jore, Eldbjørg Trydal Rysstad, Jan O. Rysstad med fleire. Dette er altså ikkje ei folkemusikkvandring, som tidlegare omtalt.
Eit gjennomarbeidd og variert program for Setesdal Folkemusikkfestival 2025, altså - og ein peikepinn om at Landskappleiken på Hovden 2026 blir eit folkemusikalsk haraball utan like!