Skisse av det som blir nye Valle kultursenter.
Prosjekthuset AS
Kommunestyret har vedteke at ein skal inn med 40 mill. kr. i budsjettet for i år, og resten i budsjettet for 2025.
– Me reknar med å få inn om lag 3,5 mill. kr. i eksterne midlar, seier teknisk leiar i Valle kommune, Magnus Berg, som også er leiar i den administrative styringsgruppa for byggjeprosjektet. Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS er innleigd prosjektleiar. Levekårutvalet held fram som politisk styringsgruppe.
2000 kvm
Det blir bygt om lag 2000 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 140 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 250 personar. Den planlagte klatrehallen er teken ut av prosjektet.
– Ungdomsklubben får eige lokale på om lag 150 kvm, seier Berg.
I prosjektet ligg også nye garderobar til symjehallen, nytt kjøkken, nytt varmeanlegg for kultursenter og skule, og så skal sjølve symjehallen rustast opp. Det er eit eige prosjekt budsjettert med fem mill. kr.
– No er det vedteke oppstart i år, så eg reknar med at prosjektet kjem ut på anbod like etter påske. Grunnarbeidet skal etter planen ta til etter sommarferien, så skal det byggjast. Målet er at alt er ferdig seinhausten 2025, seier Magnus Berg.