Idrettshallen i Valle open heile vinterferien!

Det er ope og full rulle i hallen i Valle denne veka, i vinterferien.

Kvar dag veka gjennom er det ope frå klokka 08-20. Eit lager er ope, to garderobar/toalett - og hugs at oppmodinga om å hjelpe til å halde det ryddig gjeld ikkje bare i hallen, men også i lageret og garderobane!

Born under 12 år skal vere i fylgje med vaksen. 

Skulle ein få problem med å sleppe inn i hallen er Teknisk vakt å få tak i på tlf 97003800.