
Den kvotefrie jakta på hjortekalv kjem altså i tillegg til ordinær kvote. Sjølv om det er valda som får kvota, så er den kvotefrie jakta på hjortekalv grunneigar/jaktrettsavhengig. Det vil seie at alle grunneigarar med jaktrett innanfor eit godkjend hjortevald kan skyte hjortekalv kvotefritt på sin grunneigedom. Ein tilrår likevel at det enkelte vald blir einig i korleis dette løysast.
Kontrollansvar er personleg
Sjølv om jaktleiar har eit ansvar for å kontrollere, er det den enkelte jegers ansvar å ha alle papira i orden, slik som våpenkort, jegeravgiftskort og dokumentert skjoteprøve. Det meste av dette kan ein ha elektronisk i dag, unntatt våpenkort. Elles er en inne i siste året av bestandsplanen, og det krev då ekstra presisjon i avskytinga for å kome rett ut. I den samanheng minner ein om at stutar (elg) med meir enn 4 taggar er freda fram til 15.oktober. Sist men ikkje minst, alle jaktlag som ikkje har eigen godkjent ettersøkshund må ha avtale med godkjend ettersøksekvipasje som kan vere på plassen innan 4 timer.