
Arbeidsgjevarar, flyktningar og andre aktørar er invitert. Programmet inneheld innlegg frå NAV, representantar for kommunane Valle og Bykle, arbeidsgjevarar og ikkje minst flyktningar som vil dele av sine røynsler.
– Dette er eit godt høve til å møtast, byggje nettverk og styrke integrering, inkludering og deltaking i arbeidslivet i lokalsamfunnet, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.
Det er påmelding innan 19. september på epost HER