Ingen til skade etter at skulebuss sklei ut i grøftekanten på Helle fredag morgon

Skulebussen frå Besteland til Valle sklei fredag morgon ut i grøftekanten på riksveg 9 på Helle. I bussen var det fire elevar og sjåfør. Ingen har kome til skade, og ny buss er på veg for å hente elevane. Vegen er sperra i begge retningar, og naudetatane er på plass.

Ingen kom til skade då ein buss med skuleelevar på veg frå Besteland til Valle fredag morgon sklei ut i grøftekanten. Biletet er bare ein illustrasjon. - Klikk for stort bileteIngen kom til skade då ein buss med skuleelevar på veg frå Besteland til Valle fredag morgon sklei ut i grøftekanten. Biletet er bare ein illustrasjon.

Det var sterkt snødrev og glatte vegar i øvre Setesdal fredag morgon. Bussen sklei ut i vegkanten og sette seg fast. 

– Setesdal bilruter meldte raskt frå, og me sette i gang vårt apparat umiddelbart. Alle føresette er kontakta. Eg veit det er bilberging på gang, og me har altså alt fått ny buss på veg for å hente elevane. Me gler oss stort over at dette gjekk så greitt, og ser fram til å få elevane på plass på skulen i dag, seier rektor ved Valle skule, Marit Jaabæk Brokke.