
I fleire rundar tidlegare har Valle kommune skipa til innbyggjarverkstad for å sikre ein god dialog med og godt samspel mellom kommunen og bygdefolket. Denne gonga skal fokus først og fremst vere kultur, fritid og aktivitet i Valle kommune, og grunnlagsmaterialet ein får ut av møtet blir med vidare i arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen.
Det kommunale tilbodet
Første del av programmet blir ein kort men informativ runde med nytt om det kommunale tilbodet innan kultur og fritid, presentasjon og orientering om det som blir nye Valle kultursenter, ein skal sjå litt på utvalde data frå ungdomsundersøkinga UngData og dra linene opp mot arbeidet med kommuneplanen.
Verkstad
Etter ein god matpause tar sjølve innbyggjarverkstaden til. Kva aktivitetar ynskjer ein å fylle det nye kultursenteret med? Korleis kan ein få til ein møteplass for alle? Korleis skal ein organisere det kommunale fritidstilbodet, ikkje minst med tanke på born og unge?
– Eit viktig tema blir også korleis ein kan få til godt samarbeid mellom kommunen og ulike lag og organisasjonar. Korleis får me foreldra med? Kva kan me gjere for heilt konkret å leggje til rette? Kan me koordinere dugnad, arrangement og aktivitetar betre enn me gjer i dag? Dette er spørsmål det er sers nyttig å drøfte, så no håpar me at mange blir med i soknehuset, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.