Innbyggjarverkstad i Sæbyggjen måndag 20. oktober i samband med arbeidet med kommuneplanen

I samband med arbeidet med kommuneplanen skal det skipast til innbyggjarverkstad i Sæbyggjen 20. oktober med beredskap som tema. 

Det er innbyggjarverkstad i samband med arbeidet med kommuneplanen i Valle kommune i Sæbyggjen måndag 20. oktober klokka 17. Ole Birger Lien

Første del av samlinga 20. oktober blir starta med ei orientering frå Valle kommune, før Norsk Folkehjelp avd. Setesdal slepp til.  Bengt Eirik Henriksen frå statsforvaltaren har eit 45 minuttar langt foredrag om totalberedskap. På slutten av den bolken blir det tid for spørsmål og svar, før sjølve innbyggjarverkstaden tar til. Det er 14 masterstudentar frå Universitetet i Agder (UIA) som tar seg av sjølve innbyggjarverkstaden.

Masterstudentar skipar til innbyggjarverkstad

Masterstudentane på Samfunnsplanlegging, sted og prosess ved UIA har ansvar for den siste bolken på samlinga i Sæbyggjen 20. oktober klokka 17 - innbyggjarverkstad med fokus på beredskap. I forkant av samlinga i Valle har dei vore rundt i kommunen på synfaring i lokalt næringsliv.

– Me håpar på godt oppmøte og mykje engasjement, seier prosjektleiar for kommuneplanen, Kay Arne Søgaard.

HER er meir informasjon om kommuneplanarbeidet og korleis DU kan bidra!

Framdriftsplanen for arbeidet finn du HER.