Frå utflukta under årssamlinga for Suleskarvegensamarbeidet. Frå venstre: Jarand Felland, ordførar i Tokke, Hans Blattmann, ordførar i Bykle, Tone Vaule, ordførar Bjerkreim kommune, Lars Tarald Myrum, ordførar i Valle, Frode Fjellsbø, ordførar i Gjesdal, Jonny Liland, ordførar i Sirdal og frå sekretariatet Børge Skårdal og Unn Hovden.
Signe Sollien Haugå
Startskotet gjekk med oppstart ved Bykle hotell. Der var det på med turklede- og sko, før turen gjekk til Hovden. Undervegs i minibussen var det ulike orienteringar frå Bykle kommune, før vegen vidare gjekk opp sherpastien til Hovdenuten (1119 moh). Der venta den nye dagsturhytta som vart opna 22. juni.
Til bygdetunet
Vel tilbake i Bykle var det samling i Flatelandsstoga i bygdetunet Lislestog. Dagen etter handla det om meir ordinære saker. Rekneskap, orientering om arbeidet med ny brosjyre og skilt, drøfting av marknadsarbeidet og ein gjennomgang av budsjett.
HER er lenke til heimesida til Suleskarvegen.