Innhaldsrik kulturveke i Valle 10.-19. oktober!

Med alt frå bedehusbasar og naturverndebatt til konsert med Kim Rysstad og aktivitetsdag for store og små i laftehallen ved Setesdalsmuseet ventar eit innhaldsrikt program i den årvisse Kulturveka i Valle - i år frå fredag 10. oktober til og med sundag 19. oktober.

kong Hanes eftf. kjem til kulturveka i Valle.

Kulturveka i Valle er eit kulturelt lyft det går gjetord om i heile regionen. I år brakar det altså laus fredag 10. oktober, og det siste arrangementet går føre seg sundag 19. oktober. Med alt frå konsertar og foredrag til aktivitetsdagar, matkurs og grautfestival  ventar eit program der fastbuande og tilreisande, store og små, bør ha mykje snadder å velje i! Bak kulturveka står det så mange slag lag og organisasjonar i kommunen – med Folkeakademiet Valle som organisator i tett samarbeid med Valle kommune. Det er farleg å peike ut publikumsfavorittar i eit så innhaldsrikt program, men for mange blir nok konserten med Kim Rysstad og ikkje minst eit møte med operasongaren Line Jørgensen solide høgdepunkt.

Tapas, korsong og debatt

Det første arrangementet i kulturveka i år er bedehusbasar i Broderheimen bedehus i Valle fredag 10. oktober. Laurdag 11. oktober blir ein dag prega av musikk. I Hylestad soknehus på Rysstad blir det tapas før koret Kong Hanes eftf., med base i Bygland men med medlemmer frå rundt om i dalen, gnur på med musikalske sprell! Same dag, og kulturveka gjennom, kan ein vitje Kristin Brokke i Brokke – ho tar imot i atelieret sitt. Sundag 12. oktober byr Naturvernforbundet og den lokale avdelinga der inn til fuglekassesnikring. Same dagen er det også gudsteneste med Eivind Skeie i Hylestad kyrkje. Dagen etter, altså måndag, er det foredrag med Eivind Skeie i Sæbyggjen i Valle sentrum, og på kvelden er det kino i soknehuset på Rysstad. Tysdag 14. er det duka for debattkveld med Å Energi og Naturvernforbundet. Endre Amundsen i kraftselskapet og Peder Johan Pedersen, leiar i Agder Naturvernforbund, skal debattere om naturen kan overleve det grøne skiftet. Moderator er Rune Hvass, til dagleg havnefogd i Arendal kommune.

Grautfest i Sæbyggjen

Eit av dei mest populære innslaga under kulturveka år ut og år inn er Valle Bygdekvinnelag sin grautfestival i Sæbyggjen. Der kan ein bokstaveleg tala boltre seg med graut – også i år er det klart for denne smakelege retten i ulike variantar, onsdag 15. oktober. Tidlegare denne dagen er det konsert med Øystein Kikut på piano og innslag av song av Line Jørgensen som del av onsdagskaféen på Valle bygdeheim, og desse også skal også ha konsert i Sæbyggjen på siste dag av kulturveka. På Valle skule sitt kjøkken blir det matkurs for ungdom på kvelden. 

Kim med alt frå MGP til salmar

Torsdag 16. kjem forfattar Ingar Jonsrud til Sæbyggjen med foredrag for vaksne om barn sine nettvanar.  Noreg står midt i ei lesekrise. Leseferdigheitene går tilbake blant born, unge og vaksne. Jonsrud tar også for seg styresmaktene si leselyststrategi. Så, fredag 17. er det klart for Kim Rysstad og gitarist Knut Ingolf Brenna i soknehuset på Rysstad. Det er venta mykje folk, så den som vil ha med seg opplevinga bør sikre seg billett tidleg! Kim kjem med alt frå MGP til salmar og ballader, så her blir det noko for dei fleste! Laurdag 18. skipar Valle IL til tur til dagsturhytta Lauvåsloptet. Same dagen inviterer Setesdal bygningsvernsenter til open dag med aktivitetar i bygningsvernsenteret på Rysstad.

Eit innhaldsrikt program for Kulturveka i Valle i oktober med andre ord – og mykje å sjå fram til!

Line Jørgensen er ein av dei store operarøystene i landet, og no kjem ho til Valle! Saman med Øystein Kikut på klaver deltar ho på to konsertar. Jørgensen debuterte i 2019, og har vore med på ei rekke operakonsertar i inn- og utland. På programmet har ho og Kikut R. Strauss, A. Dvorak, G. Puccini, P. Mascagni og Johann Strauss d.y.Eyvind Skeie, prest og forfattar, skal dele frå sitt skapande liv under kulturveka. Skeie har også vore manusforfattar for barne-TV, og har arbeidd mykje med salmar, dikt og annan litteratur.