Frå næringsfrukosten i Valle sist veke.
Ole Birger Lien
I samband med drøfting av arbeidet med kommuneplanen kom det fram forslag om ein innbyggjarverkstad med hovudtema næringsutvikling. Kor ser me Valle kommune i framtida? Både med tanke på innhald, utsjånad og funksjonar skal ein ta mange val. Frå fleire vart det også peika på at ein må sjå arbeidet i samanheng med andre tiltak, som til dømes opprusting av Valle Bygdeheim, bustadsatsing og liknande.
Fortetting
Fleire streka under at fortetting og betre utnytting av sentrumsområda er viktig, og at ein så langt som råd og som lovverk og reglar tillet det legg til rette for at lokale verksemder kan vere aktuelle leverandørar av tenester. Somme meinte at områdeplanen for Valle sentrum må sjåast på, og frå fleire vart det slege fast at Valle kommune si satsing på bustadsatsing og tilskotsordningar er positivt.