Innhaldsrik seniormesse i soknehuset på Rysstad

Trass i glatte vegar og rufsete ver kom det godt med folk til soknehuset på Rysstad då pleie- og omsorgsavdelinga i Valle kommune skipa til seniormesse der tysdag. Frå formiddag til langt på kveld var det program for både seniorar men også pårørande.

Utan desse og dei andre damene på kjøkkenet hadde det blitt stusseleg i soknehuset. Frå venstre: Jorunn Tveiten, Tone Haugen og Anna Rysstad. - Klikk for stort bileteUtan desse og dei andre damene på kjøkkenet hadde det blitt stusseleg i soknehuset. Frå venstre: Jorunn Tveiten, Tone Haugen og Anna Rysstad. Ole Birger Lien

Leiar pleie- og omsorg, Solveig Kyrvestad, hadde sydd saman eit tettpakka program der det var noko for dei fleste. Alt frå kosthald til høyrsel og teknologiske hjelpemiddel for eldre, flotte innsmett frå Valle kulturskule, suppe og eplekake i salen nede og ikkje minst tid til den gode røa - seniormessa vart ein svært innhaldsrik dag.

Det faglege i fokus

Sjølv om den sosiale biten som del av messa var viktig, var det utan tvil det faglege som var mest i fokus. Aktørar som Valle kommune sjølv, NAV, Setesdal brannvesen IKS, fysiske trenarar, audiograf og mange fleire bidrog til fagleg påfyll. Ikkje minst vart det vist fram ulike teknologiske hjelpemiddel som blir stadig viktigare i pleie- og omsorg - dette er noko me kjem tilbake med meir om med det første.

Kulturskulen sjarmerte alle

Mellom det faglege og suppa tok elevar i Valle kulturskule seg av musikalske smakebitar på alt det dei driv på med. Born og unge i kreativ leik på scena sjarmerte både seniorar og alle andre som var til stades! Heile arrangementet vart leia med fjellstø hand av programleiar Torunn Charlotte Nyberg. Oppsummert må ein bare seie at seniormessa i soknehuset var akkurat den samankomsten både arrangørar og dei som møtte opp hadde håpa på! 

Kjetil Carolis Jore, som tok seg av lyden i soknehuset, (t.v.) og Ronny Stavsholt. - Klikk for stort bilete
God stemning med suppe på bordet! Frå venstre: Birgit Dale, ordførar Lars Tarald Myrum og kommunedirektør Vidar H. Homme. - Klikk for stort bilete
Mange ville ha seg suppe, eplekake og kake i soknehuset. - Klikk for stort bilete
Alt frå helsepersonell til NAV hadde stands under seniormessa. - Klikk for stort bilete
Torunn Charlotte Nyberg leia programmet med stødig hand. - Klikk for stort bilete
Leikarringen, her med Sigrid B. Berg som "dirigent", sjarmerte alle i soknehuset. - Klikk for stort bilete