Innhaldsrikt møte om terskelprosjektet i Harstadbassenget

Torsdag 11. september vart det halde ope møte i kommunestyresalen i Valle om framtida til Harstadbassenget. Møtet var i regi av Valle kommune, Otteraaens brugseierforening og Å Energi, og samla grunneigarar, representantar frå kommunen og andre interesserte. Møtet vart streama på Valle Radio slik at så mange som råd skulle få dette med seg.

Harstadbassenget er eit viktig område i Valle, men har dei siste åra vore sterkt prega av krypsiv og mudderavsetningar. Dette gjev utfordringar både for landskapsopplevinga, fiske og friluftsliv. 

Terrateknikk ved Tor Kviljo presenterte ei rekkje moglege tiltak for å betre miljøtilstanden:

  • Luke i terskelen – mellombels senking av vasstanden og maskinell oppreinsking.
  • Elv i elv – fjerne terskelen og etablere eit smalare elveløp med sjølvreinsing.
  • Tappeprofil – ei opning som gjev naturleg variasjon i vasstanden gjennom året.
  • Lansettsjøar – fleire små sjøar i elveløpet som utnyttar flaumen til reinsing.
  • Nullalternativet – ikkje gjere noko, med risiko for meir krypsiv og mudder over tid.

Alle løysingane har ulike konsekvensar for landskap, miljø, friluftsliv og kostnader.

Mange innspel frå salen

Det kom fleire synspunkt frå grunneigarane:

  • Behovet for å bevare vasstanden i bassenget vart trekt fram som svært viktig.
  • Det vart peika på at prosjektet kan bli eit prøveprosjekt som gjev erfaringar også for andre terskelbasseng i Otra.
  • Mange meinte det hastar med å finne ei løysing, og at prosjektet er viktig for både miljø og omdømet til «grøn kraft».

Vegen vidare

Rapporten frå Terrateknikk og presentasjonen til Tor Kviljo er lagt ut på kommunen si heimeside, slik at alle interesserte kan setje seg inn i innhaldet. Seinare i haust skal det haldast eit nytt arbeidsmøte for å drøfte alternativa nærare. Valle kommune, Å Energi og Otteraaens brugseierforening vil saman fylgje opp prosessen og invitere til ny samling.

VASSDRAGSFAGLEG VURDERING - HARSTADBASSENGET

Moglegheitsvurderingar for å motvirke krypsivbegroing (PDF, 5 MB)