Innovasjon Norge med kurs i kapitalstrategi
Har du eller skal du starte verksemd og lurer på korleis du skal legge opp kapitalstrategien? Då kan du vere med på nettkurs i regi av Innovasjon Norge 26. september klokka 09-10.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.09.2025 08:35
Sist endra 16.09.2025 08:39

Mange gründarar ventar med å tenke på pengar til dei treng dei. Det kan bli dyrt – både i tid, kontroll og mogelegheiter. Kurset i kapitalstrategi tar for seg ein del sentrale tema kring dette emnet. Kurset passar for dei som har starta eller skal starte verksemd, lurer på korleis ein skal finansiere vekstreisa og helst ikkje vil gjere nybyrjarfeila.
HER KAN DU LESE MEIR OG MELDE DEG PÅ