Inspirerande dag på reinhaldsmesse i Kristiansand

Sist veke deltok fleire frå reinhaldstenesta i Valle kommune på Reinhaldsmesse i Kristiansand. Der fekk dei inspirasjon og ny kunnskap om moderne maskinar, metodar og reinhaldsmiddel som kan løfte kvaliteten på arbeidet endå meir.

Reinhaldarar i Valle kommune på kurs i Kristiansand. Frå venstre: Hilde Kiland Bjåen, Erna Van den Broek, Naw Si, Olena Vladimyrova, Wioletta Jaroszewska, Hallvard Viki og Htoo Thaw. Valle kommune

Eit av høgdepunkta var demonstrasjonen av Nocospray-systemet, som gjev ein effektiv og trygg metode for desinfisering av rom. I tillegg fekk dei tilsette sjå mange andre maskinar og produkt som både er miljøvennlege og bidreg til betre reingjering.

– Det var svært inspirerande å sjå kor mykje som skjer innan reinhald, og korleis ny teknologi kan gjere kvardagen vår både enklare og tryggare, fortel deltakarane.

Dagen i Kristiansand gav mange gode idéar, fagleg påfyll og motivasjon til å halde fram med å levere reinhaldstenester av høg kvalitet i Valle kommune.

Litt kake vart det tid til. Valle kommune Wioletta Jaroszewska, Hallvard Viki og Olena Vladimyrova plukka opp mykje nyttig på kurset. Valle kommune