Interesse for kompetanseheving med Driv Agder i Valle

Mange ville ha med seg samankomsten då tidlegare Etablerersenteret Agder IKS, no Driv Agder, kom til kommunestyresalen i Valle sist veke. Det skulle kome til å handle mykje om kompetanseheving.

Frå vitjing av Driv Agder i Valle. Frå venstre: kommunedirektør Vidar H. Homme, Janne Storm Pettersen og Siri Urdal, begge frå Driv Agder, plan- og næringsrådgjevar Kay Arne Søgård og ordførar Lars Tarald Myrum. - Klikk for stort bileteFrå vitjing av Driv Agder i Valle. Frå venstre: kommunedirektør Vidar H. Homme, Janne Storm Pettersen og Siri Urdal, begge frå Driv Agder, plan- og næringsrådgjevar Kay Arne Søgård og ordførar Lars Tarald Myrum.

Driv Agder er ei ny selskapsform for heile fylket som eit grep for å nå måla i regionplan Agder 2030 for entreprenørskap og samarbeid om nye arbeidsplassar.  Agder fylkeskommune og dei fleste kommunane i fylket er med på eigarsida. Driv Agder har alt gjennomført fleire kurs i dalen, mellom anna innan økonomi på Evje, eit opplegg som samla deltakarar frå heile dalen. Driv Agder har ei heil rekke kurs, og dei driv mykje med rettleiing. 

Vil involvere næringslivet

På møtet vart det etter grundige orienteringar drøfta kva som kan vere aktuelt av kurs lokalt.

– Driv Agder har både kurs på nett og fysisk. Det eg tenker er avgjerande er at innspel om kurs lokalt må kome i samråd med lokalt næringsliv. Me var vel kring 10 deltakarar i denne runden, så får ein sjå kva næringslivet melder inn av behov, seier plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård.