Ivrige Valle-elevar i sving i sykkelverkstaden!

Trivselsteamet ved Valle skule legg fleire timar i veka til rette for at elevar skal få skru i sin eigen sykkelverkstad!

Ivrige elevar i sving i den nye sykkelverkstaden ved Valle skule. - Klikk for stort bileteIvrige elevar i sving i den nye sykkelverkstaden ved Valle skule. Valle skule

Den nye sykkelverkstaden har kome på plass etter støtte frå Valle bruktbutikk, og i samarbeid med FAU. Fleire gonger i veka er altså elevane i sving med både reparasjonar og vedlikehald. 

Kompetanse

I tillegg til ein praktisk innretta aktivitet som kan gje unge mekanikarar kompetanse, er det i dette bruk og kast-samfunnet nesten befriande å sjå at born og unge kan lære at ting faktisk han haldast i orden, passast på og settast i stand att! Bileta viser til fulle at gjengen ikkje manglar motivasjon!

Elevane tar seg av både reparasjonar og vedlikehald. - Klikk for stort bileteElevane tar seg av både reparasjonar og vedlikehald. Valle skule Det skal ikkje stå på verktøyet! - Klikk for stort bileteDet skal ikkje stå på verktøyet! Valle skule