Jenny Jenssen hyller Vreeswijk på Valle bygdeheim!

Torsdag 2. mai klokka 13.45 bør alle med sans for den svensknederlandske trubaduren Cornelis Vreeswijk vere på plass på Valle bygdeheim. Då kjem artisten Jenny Jenssen med sin hyllest av den store visesongaren.

Konserten er ein spin off av eit samarbeid Jenssen hadde med avdøde Hans-Erik Dyvik Husby, som mellom anna portretterte trubaduren i filmen om livet til den fargerike musikaren.

Fokus på kjærleiken

Cornelis Vreeswijk skreiv og framførte enormt mange songer. Han skreiv om det meste, men forholdet hans til kvinner og kjærleik. Det blir eitt av fleire tema på konserten, der ein kan håpe på så mange klassikarar. Vreeswijk har gått bort, men låtane hans står fjellstøtt og gjer det truleg også om 100 år. Vare, varme betraktningar, harde og skarpe kritiske tekstar, morosame låtar, han hadde i grunnen alt, denne karen. På bygdeheimen kan det bli alt frå “Somliga går med trasiga skor” til “Hønan Agda” og “Deidres samba”. Det er gratis inngong til konserten.