Solveig Kyrvestad (t.v.) og Gunn Lien er hoppande glade over å kunne be inn til gratis jolemiddag på Valle bygdeheim.
Ole Birger Lien
Valle kommune spanderer måltidet, og håpet er at dei som ikkje har fastspikra planar den dagen samlar seg til eit koseleg bordsete på heimen.
– Me må ha påmelding slik at kokkane skal kunne planleggje dette. Fristen for å melde seg på er 11. desember, og ein kan ringe telefon 91247155 for å sikre seg plass, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.
Fisk og spa eller kjøt
Tradisjonen tru blir det spa og med både fisk og kjøt på bordet. Lefser og nepe må sjølvsagt til, og for den som måtte ha plass att etter middagen vankar det nok kranskekake og anna småsnaskens.
– No håpar me mange vil kome, seier Solveig Kyrvestad.