Jolehelsing frå ordføraren

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum ynskjer alle god jol. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum ynskjer alle god jol. Ole Birger Lien

No stundar det endeleg mot jol. Etter ein uvanleg kald november, har me no fengje den velkjende lefsetøyren, men me lever enno i håpet om ei kvit jol. 

Som ordførar i Valle kommune vil eg nytte høvet til å kome med ei lita jolehelsing til bygdefolk, hyttefolk, og andre tilreisande. Det er eit uroleg og spesielt år som går mot slutten. Og det er knytt mykje spenning til kva som ventar oss i 2024. 2023 vart året ein tok opp att bruken av ordet «dyrtid». Rentene har stige, prisane på alt frå straum, til mat og drivstoff, har skote i vèret. Det er stadig fleire som slit for å få endane til å møtast. 

Det skal me minnast på når me går inn i jolehøgtida.

Verda rundt oss har også vorte meir uroleg. Krig og konflikt i Ukraina og Midtausten bytast på å dominere nyheitsbiletet. Det er sterke inntrykk me får servert, og alle vert me påverka av andres liding. Me kan likevel ta det som ei påminning om ikkje å rekne den freden me har som noko sjølvsagt. Likeeins er det ei påminning om kor godt me – trass i alt – har det her hjå oss. For me har det godt i Valle kommune. Her er trygge rammer, gode kommunale tenester og eit oppegåande næringsliv. I tillegg har me eit aktivt og variert kultur- og fritidstilbod. Dette byggjer på noko av det viktigaste har – og som me berre kjem til å trengje meir av frametter – nemleg dugnad, friviljugheit, og pur, lokal entusiasme. Det må me vite å verdsetje – og stø opp om!

Bak alt dette står det menneske – og menneska er den viktigaste kapitalen ein kommune som Valle har. Det at me ikkje er så mange, gjer at kvar og ein vert dèt mykje viktigare. Det er summen av innsatsen til alle enkeltpersonar og lag som gjer ei bygd til eit samfunn, til noko meir.  Takk til alle som har gjort ein innsats for andre i året som har gått.  Det vert jamt sagt at det er ein styrke for bygdesamfunnet at alle kjenner alle – og det kan nok i mange tilfelle stemme. Eg vil likevel oppmode alle om å nytte det høvet joledagane gjev, til å bede fleire enn berre dei nærmaste innom dørstokken. Kanskje nokon du vanlegvis berre byter eit nikk, eller ei kort helsing med om ein treffer dei etter vegen. Sjansen er stor for at det kan verte triveleg. Og er ein heldig, kan eit kjennskap gjerast om til eit godt venskap.

Jolehøgtida gjev oss høve til å gjere ein del slikt som ein elles kanskje ikkje prioriterer, eller kjem i hug. Og slik skal det vere. Me har godt av å kose oss, og kome oss ut av rutinene eit bel. 2024 kjem uansett fort nok, og då skal me leve på dei gode minna, i allefall fram til bassekvelden!

Eg vil ynskje kvar og ein i hus og hytte ei fredfull og god jolehøgtid!

Lars Tarald Myrum