Jolesola over Vallebygda dagen før dagen!

Sola har endeleg snudd, og vesle jolaftan bada Vallebygda seg i vintersol!

Vintersol over Vallebygda vesle jolaftan. - Klikk for stort bileteVintersol over Vallebygda vesle jolaftan. Ole Birger Lien

Dei siste dagane før høgtida tar til har det vore eit kaldt, men strålande ver i dalen. Så tyder vel vermeldingane på litt meir rufsete ver i jola - sprengkulda frå november ser det likevel ikkje ut som me skal få tilbake med det første. Med glimtet av Vallebygda på ettermiddagen vesle jolaftan ynskjer Valle kommune alle ei rektig god jol!