Den gamle gymsalen ved Valle skule er historie.
Prosjekthuset AS
I veke 2 i 2025 kjem rivearbeidet i gang att, og ein skal køyre ut masse. Etter kvart skal grunnarbeidet også på plass.
– No er Smeddestoga opna att etter ein kort periode stengt. Rivearbeidet til no har gått greitt og utan uheldige hendelsar, seier prosjektleiar i Prosjekthuset AS, Tone Straume Wikeland.
Har styrka byggjegjerda
Den nye avkøyrsla frå riksveg 9 har alt vist seg som eit godt grep for å skilje anleggstrafikk frå annan aktivitet i området. Byggjegjerda i området er no styrka, som ein veit bles det jamnt friskt i Valle.
– Så minner me om og oppmodar til at så mange av elevane som råd tar buss, syklar eller går til skulen, så me reduserer talet på bilar i skuleområdet. Foreldre som køyrer borna bør sette dei av på bussplassen i nord. Så må ein ikkje snu bilen der og då, men køyre sør til barnehagen og svinge nordover, seier Straume Wikeland.
Ho minner om at viss ein skal parkere bør ein rygge inn på parkeringsplassen. Då slepp ein å rygge ut att, noko som betyr mindre sikt enn viss ein bare kan rett ut og avgarde med full sikt gjennom frontruta.