Kampanje om Setpro og Valle kommune
Arbeidsinkluderingsverksemda Setpro har no utarbeidd ei brosjyre som viser korleis Setpro driv arbeidet sitt i Setesdal, og korleis dette er eitt av fleire grep som kan bidra til at kommunen når samfunnsmåla sine.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.09.2025 08:14
Sist endra 19.09.2025 08:14
Setpro
Brosjyra skal distribuerast til alle husstandar i Valle i veke 39, det vil seie frå måndag 22. september. Den viser ulike glimt av dei mange tiltaka Setpro er inne i regionen rundt.
Tilbake til jobb
Setpro er ei arbeids- og inkluderingsverksemd for heile regionen. Kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland står bak verksemda. Målet er å hjelpe menneske tilbake i jobb eller utdaning i samarbeid med NAV, næringslivet og kommunane. Både dei som er innom med mellombelse utfordringar og dei med behov for varig tilrettelagt arbeid er i målgruppa. I 2024 gjekk seks av 10 deltakarar frå arbeidsførebuande trening vidare til jobb eller utdanning, etter i snitt ni månader hjå Setpro.
Brosjyra kjem altså i postkassa di i neste veke!