Barnevernsleiar i Setesdal, Hedda Helene Schaanning.Behovet for barnevernstenester er diverre stort. Fosterheimar, besøksheimar, støttefamiliar og andre gode løysingar for born og unge i ein krevjande situasjon er gode løysingar som krev store ressursar.
– Me håpar at med meir merksemd kring problematikken kan fleire vurdere om dette er noko ein kan gå inn på. Det er viktig å få fram at me er ute etter ulike familiar og enkeltpersonar, og me er ute etter ulike løysingar, seier leiar i Setesdal barnevern, Hedda Helene Schaanning.
Ho legg til at det viktige er å få inn folk med tid, rom og omsorg.
Mange løysingar
Både fosterheim, besøksheim, støttefamilie og avlasting er løysingar som krev at folk stiller opp. Som me har skrive tidlegare er det eit stort poeng å hjelpe borna i eige nærmiljø - då blir konsekvensane av ei eventuell endring i alle fall litt mindre.
– Ein bør ha overskot og kjærleik ein kan dele med seg. Born og unge er sårbare grupper, og mange situasjonar kan vere krevjande. Ver sikker på at dei som kjem inn og vil hjelpe også skal ha heile Setesdal barnevern i ryggen. Ingen kan gjere alt aleine, men saman kan me gjere så mykje, seier Hedda Helene Schaanning.
Leiar i Setesdal barnevern Hedda Helene Schaanning når ein på tlf 47642462
Meir om fosterheimsveka HER