Kjøpmannen på Joker i Valle var den hemmelege nissen!

Responsen på Valle kommune sin hemmelege nisse, tevlinga som gjekk føre seg i romjola, var enorm. Meir enn 100 personar leverte inn forslag på kven jolenissen kunne vere.

Kent Even Andersen var Valle kommune sin hemmelege jolenisse. - Klikk for stort bileteKent Even Andersen var Valle kommune sin hemmelege jolenisse. Ole Birger Lien

Mange av dei såg etter kvart at jolenissen var kjøpmannen på Joker i Valle, Kent Even Andersen. Me kjem etter kvart tilbake med namnet på vinnaren av tevlinga. Vedkomande kan sjå fram til heider og ære, og dessutan ein liten premie frå Valle kommune!