10. klasse ved Valle skule baud inn til påskelunch. Frå venstre: kontaktlærar Kristian Thaule, Marion Føreland, Maja Alama, Isabella Markgraf, Sofia Berg, Sara Skjellanger, Hauk Rysstad, Thomas Flateland, Lukas Helle, Tarald Bakke Harstad og Bjørgulv Bjørgum Forde.
Ole Birger Lien
For dei få utvalde gjestene som kunne sesse seg rundt bordet på skulekjøkkenet i Valle fekk beint og greitt oppleve ein kulinarisk fest der det aller meste var laga ikkje bare frå botnen av - men så langt som det var råd med lokale eller i alle fall svært kortreiste råvarer. Karbonadar og spekemat, laks og eggerøre, omelett, nysteikte rundstykke og frøbrød, buffeten elevane laga til var eit skode for alle med sans for god mat!
Bakstelukta dansa
Ikkje nok med at alt frå brødmat til varme rettar var smakelege, flott danderte og delikate på alle vis - i heile romet anga det av bakst denne dagen! Rundstykke og brød har me alt nemnt - men kakene! Her var kanelsnurrar og sitronmuffins, og ei kake som kombinerte bringebær med kokos og anna godt så til dei grader vellukka at eine gjesten etter den andre måtte gje seg ende over!
Langbord
Elevane, under svært kyndig rettleiing av kontaktlærar Kristian Thaule, hadde dekka på langbord og gjorde heile opplevinga som eit besøk på den finaste restauranten. Som kommunedirektør Vidar H. Homme slo fast i takk for maten-talen sin - her er ungdom som skal ut i verda til hausten på vidare utdanning. Då skal dei bu på hybel, internat eller liknande - at dei kjem til å greie seg godt på kjøkkenet, det er garantert!