Kom med innspel til kommuneplan og kommunedelplan!
På heimesida til Valle kommune ligg det no ute ei lenke direkte til arbeidet kring kommuneplan og kommunedelplan. Der kan ein også sende inn innspel ein måtte ha.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.09.2025 10:03
Sist endra 19.09.2025 10:08

Det skjer mykje i kommuneplanarbeidet utetter hausten. Temamøte om arealstrategi, innbyggjarverkstad om beredskap og møte med friviljuge lag er nokre av aktivitetane det vert lagt opp til. Både kommunepolitikarar, administrasjon og lokalsamfunnet skal engasjerast i arbeidet for å peike retninga for korleis kommunen vår skal utvikle seg inn i framtida. Den som har tankar om kva kommunen skal vere i framtida, har altså sjansen no!
HER KAN DU LESE MEIR OG SENDE INN INNSPEL
HER FINN DU KOMMUNEDELPLAN BROKKE