Kommunal skilting om parkering på Honnevje

Statens vegvesen har sine informasjonsskilt på Honnevje i Valle, men no har Valle kommune fått på plass ytterlegare skilting på den kommunale delen av rasteplassen.

Talet på bubilturistar som har nytta rasteplassen på Honnevje til overnatting har auka kraftig dei siste åra. Sjølv om særleg Statens Vegvesen har oppgradert området til glede for vegfarande og innbyggjarar i kommunen, har det aldri vore intensjonen å gå campingplassane i næringa og leggje til rette for overnatting.

– Tydelege signal frå næringslivet gjorde at kommunen har hatt ein gjennomgang av skiltinga på området kommunen eig på Honnevje. Kommunestyret vedtok tidlegare i år at området må skiltast betre for å hindre at området vert nytta til overnattingsplass for bubilar. Alle er hjarteleg velkomne til Honnevje, men ein campingplass er det ikkje, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.

På tre språk

Skiltet Valle kommune no har sett opp ved inngongen til den såkalla rundingen fortel på norsk, engelsk og tysk at det frå klokka 23.00 til 07.00 om morgonen ikkje er lov å stå parkert der.