Økonomisjef i Valle kommune, Petra Marie Trydal, og kommunedirektør Vidar H. Homme med framlegg til budsjett og økonomiplan på skjermen bak seg.
Ole Birger Lien
– Dokumentet gjev eit samla bilete av den økonomiske situasjonen i Valle kommune og framlegg til prioriteringar dei komande åra, seier Homme.
Budsjettframlegget er utarbeidd med utgangspunkt i økonomiske utsikter og kommunestyret sine finansielle måltal.
Les meir om framlegget HER
– Godt utgangspunkt
Vidar H. Homme slår fast at Valle kommune har eit godt utgangspunkt.
– Fødselstala er betre enn på lenge, og unge etablerer seg med familie og bustad. I praksis har alle arbeidsføre ein jobb å gå til. Tenestene våre held høg kvalitet, kultur- og fritidstilbodet skårar godt i nasjonale kåringar, og me har lukkast svært godt med integrering av ukrainske flyktningar i arbeidslivet. Me har framleis eit visst økonomisk handlingsrom, sjølv om det er minkande. For å nå dei kommunestyrefastsette finansielle måltala og sikre ein berekraftig økonomi over tid, er det likevel naudsynt med ein reduksjon i driftsnivået i planperioden 2026–2029. Ein legg difor opp til prosentvise nedtrekk i budsjettrammene for einingane. Nedtrekket er differensiert på bakgrunn av ressursbruk samanlikna med kommunar det er naturleg å samanlikne seg med, og etter ei vurdering av strukturelle tilhøve og kostnadsdrivarar i Valle kommune, seier han.
Merkbar kostnadsvekst
Kommunedirektøren minner om at ein må møte utfordringane i forkant.
– Valle kommune er på ingen måte blant dei kommunane i landet som slit mest økonomisk, men me merkar den sterke kostnadsveksten godt. Gjennomgangen av KOSTRA-tal og andre nøkkeldata viser at ressursbruken i Valle kommune skil seg mest frå samanliknbare kommunar innanfor sentraladministrasjonen og grunnskuleområdet. Ein stor del av kommunen sine driftskostnader er knytt til løn. For å sikre ei forsvarleg og reell omstilling vert nedtrekket trappa opp gradvis gjennom perioden. Dette gjev rom for naturleg avgang og for god planlegging av tilpassingar i drifta, seier kommunedirektøren.
Usikre kraftinntekter
Valle er ein kraftkommune, med inntekter som stadig er under press.
– Eit særdrag ved Valle er nettopp denne avhengigheita av kraftrelaterte inntekter. Dette har opp igjennom åra gjeve oss rom til å satse, men det inneber òg risiko. I tillegg til varierande kraftprisar, har eit kontinuerleg politisk press på rammevilkåra til vertskommunane for kraftanlegg bidrege til at kraftinntektene svingar. For å tole desse variasjonane treng me difor større økonomisk buffer enn andre kommunar. Dei siste åra har me klart å styrkje fonda våre med ekstraordinære inntekter. Eg har tidlegare gjeve honnør til politikarane som har vore ansvarlege i økonomiforvaltninga og bidrege til fondsoppbygginga, og det er avgjerande at me opprettheld desse økonomiske reservane, seier Vidar H. Homme.
Vidare prosess
Handsaminga av budsjett og økonomiplan fylgjer denne planen:
- 17.,18. og 19. november: Budsjettframlegget vert handsama i råd og utval
- Etter utvalshandsaminga: Formannskapet si innstilling vert lagt ut til offentleg ettersyn i 14 dagar
- Onsdag 10. desember: Kommunestyret gjer endeleg vedtak i budsjett og økonomiplan for 2026–2029
Innbyggjarinformasjon
Alle dokument og møteprotokollar knytte til budsjetthandsaminga vert løpande publiserte på kommunen si heimeside. Innbyggjarane kan fylgje prosessen og gjere seg kjende med innhaldet i budsjettframlegget gjennom offentleg ettersyn og møteinformasjon.
For spørsmål om budsjettframlegget kan ein kontakte økonomisjef eller kommunedirektør.