Kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, la fram forslag til budsjett for kommunestyret.
Ole Birger Lien
Homme viste i innleiinga si til ei verd prega av uro, inflasjon og skyhøge kraft- og oljeprisar, og til eit Noreg der me nok ein gong har teke til å bruke omgrepet dyrtid.
– Framtidsbiletet pregar utan tvil planleggjinga og prioriteringane i kommunen. Budsjettet er eit av dokumenta som skal bidra til at me når dei langsiktige måla våre, sa han.
Homme la til at område som beredskapsarbeid må prioriterast, i og med at det er venta endå fleire flyktningar frå Ukraina til Noreg.
– Kommuneøkonomien krev refleksjonar. Me merkar som så mange andre kommunar ein formidabel kostnadsauke. Kombinert med eit stadig høgare aktivitetsnivå seier det seg sjølv at balansegangen blir meir krevjande. Ekstraordinære kraftinntekter er av forbigåande art, og er også midlar som er under stadig press. Me treng handlefridom i driftsbudsjetta og større reservar for å handtere risikoen, meinte kommunedirektøren, som peika på at dette er bakgrunnen for at den største enkeltinvesteringa i framlegget han presenterte, det nye Valle kultursenter, er utsett til slutten av økonomiplanen, 2026.
Mange ljospunkt
Homme kunne også kome med mange positive meldingar som del av presentasjonen. Folketalsauke, og ikkje minst mange unge som har kome heim til kommunen og satsar på hus og etablering, er gode tekn.
– Fulle barnehagar betyr at me treng meir areal og fleire tilsette. I åra som kjem treng me også fleire sentrumsnære bustader. Dette er også avgjerande for at eldre kan bu heime lenger - noko som kan medføre at den kommunale tenesteytinga blir meir rasjonell. I ein distrikstkommune som Valle må det offentlege også ta tak i dette, sa han.
Kommunedirektøren peika på at nok bustader også er avgjerande med tanke på rekruttering og arbeidsplassar, og at budsjettframlegget også inneheld tiltak som skal auke tilgjenge på næringsareal i kommunen. Han viste også til ny satsing innan oppvekstsektoren.
– Universelle førebyggjande tiltak, tidleg innsats og tverrfagleg arbeid er avgjerande. I budsjettframlegget er det lagt opp til å styrke koordineringa av oppvekstfeltet med ei ny leiarstilling. Slik vil me sikre heilskapen i tenestene, sa kommunedirektør Vidar H. Homme.
No går budsjettframlegget vidare inn i utvala. Kommunestyret får siste ord i saka under møtet onsdag 20. desember.