Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 26. mars klokka 18.
Ole Birger Lien
Før dei folkevalde tar til med sakene på sakslista blir det ei orientering frå Setesdal miljø og gjenvinning IKS ved dagleg leiar Svend Aage Petersen. Etter det går ein i gang med alt frå referatsaker til politisk handsaming.
Fastsetjing av planprogram
Av saker på lista kan ein nemne fastsetjing av planprogram, kommuneplanens samfunnsdel 2025-2037, kommunedelplan Brokke - endeleg godkjenning av planprogram, utbyggjing av næringsareal og næringsbygg i kommunal regi, kommunal tilretteleggjing for private bustadprosjekt i sentrumsområda og ei utgreiing om samarbeid for å forebyggje og redusere utanforskapo blant unge i Setesdal.
Valle radio streamer som alltid med lyd og bilete - HER kan ein inn og koble seg til streaminga.